Likeremote

Subscribe to the latest remote jobs:

  • Likeremote jobs on https://LinkedIn.com/
  • Likeremote jobs on https://telegram.org/
  • Likeremote jobs on Reddit.com
N

Joker Bellingen søker butikkmedarbeidar deltid

Norgesgruppen
🇳🇴 Norway
17 hours ago

Vil du bli ein del av «Den gode naboen»?

Joker Bellingen søkjer butikkmedarbeidar. Stillinga er ei mellombels deltidsstilling med varigheit fram til 1. februar 2028.

Slagordet vårt erJoker – Den gode naboen. For oss handlar det om meir enn å selje daglegvarer. Ein god nabo bryr seg, hjelper til og bidreg til eit godt lokalmiljø.

No ser vi etter deg som vil vere med på laget vårt og gi kundane den gode Joker-opplevinga – kvar dag.

Hos oss er ingen dagar heilt like. Vi har ikkje eigne avdelingar, så du får jobbe i heile butikken og lære litt av alt.

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • varepåfylling og framtrekk av varer

  • kassearbeid

  • kundebehandling og god service

  • betjening av Post i Butikk

  • softisservering om sommaren

  • anna praktisk og generelt butikkarbeid

Her er det alltid noko å gjere, så du må trivast med ein aktiv arbeidsdag og vere klar for både mange skritt og tunge løft.

Kven ser vi etter?

Som ein del av«Den gode naboen» håpar vi at du likar menneske og synest det er kjekt å gi god service. Du møter kundane med eit smil, hjelper til når det trengst og samarbeider godt med kollegaene dine.

Vi ser etter deg som:

  • er blid, positiv og lærevillig

  • likar å yte god service og snakke med menneske

  • trivst med fysisk arbeid og kan ta i eit tak

  • kan arbeide sjølvstendig og sjå kva som må gjerast

  • er løysingsorientert og gjerne litt kreativ

  • samarbeider godt med andre

  • kan jobbe kveld og helg, og gjerne i høgtider

Har du erfaring frå daglegvare, butikk eller liknande arbeid, er det ein fordel – men det erikkje eit krav. Det viktigaste for oss er kven du er, at du har lyst til å lære, og at du likar å stå på.

Høyrest dette ut som deg?

Då håpar vi du søkjer!

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Joker-kjeden er NorgesGruppens profilkjede for nærbutikker. Kjeden består av ca. 460 nærbutikker spredt over hele Norge. Merkevaren Joker forvaltes og driftes av Kjøpmannshuset Norge AS, NorgesGruppens største profilhus. Joker er den lokale butikken både der folk bor og ferierer, og vi er den kjeden som har flest søndagsåpne butikker. Vi er møteplassen i byen og på bygda. Vi var først med å løfte frem kjøpmennene som våre fremste talspersoner, og vi mener at våre kjøpmenn og deres ansatte leverer personlig og god service hver dag.

Joker Bellingen søker butikkmedarbeidar deltid · Norgesgruppen

Auto apply with Likeremote